top of page

Lese skulen inn i tida, - og framtida, utan å gløyme fortida

Av Einar Opsvik, leiar i Folkehøgskoleforbundet og nestleiar i Folkehøgskolerådet


Overskrifta var eitt av fleire gode utsegn om folkehøgskulen sitt narrativ, som kom fram under gruppearbeidet på årets rektormøtet på Sanner hotell i januar. Det er viktig for oss å sette ord på dei tankar, idear og ideal som vi i folkehøgskulen sjølv har, knytt til vårt eige arbeid. I tillegg kan det skape retning, når vi blir tydlege på kva narrativ vi ynskjer skal vere levande, både overfor elevar, politikarar, media og publikum. Ei gruppe formulete seg slik: «Vi vil ha ‘tjukke’ narrativer som allikevel er tydelige». 


Innleiinga på rektormøtet la klare føringar for ein folkehøgskule som ein demokratisk danningsinstitusjon og utfordra deretter forsamlinga med eit knippe spørsmål til samtale.


Foro: Torkild Griven, Karmøy folkehgskule
Foro: Torkild Griven, Karmøy folkehgskule

Kvifor finnast din skule?

Opningsspørsmålet er alltid aktuelt for å ivareta dynamikken i eit skuleslag som skal vere rotfesta i historia og samstundes svare på dagsaktuelle utfordringar. Mange responderer på dette med å fokusere på folkehøgskulen sitt danningsoppdrag, at skulane er styrte av idear og verdiar, arbeider for å unngå totalitære styreformer og skal fremme demokrati og menneskeverd. Dette kjem også til uttrykk i meir instrumentelle mål, som å arbeide for god psykisk helse og motverke utanforskap.  Dei kristne skulane har i større grad også ei tydelegare vektlegging på eksistensielle spørsmål, diakonale perspektiv, kristen tru og verdiformidling.


Demokrati og deltaking

I skulane sitt arbeid for å fremme demokratisk tenking og praksis blir ulike perspektiv halde høgt. Arbeidet med ytringsfridom er viktig; å lære å ytre meiningane sine, opparbeide mot og sjå at ein kan vere med å påverke livet og samfunnet. Kunnskap om demokrati er viktig, å kunne ta eit skritt tilbake og stille spørsmål og skape samtale, m.a. i lys av historisk kunnskap. Mange legg vekt på potensialet som ligg i å øve på demokratisk deltaking på skulen. Dette kan skje gjennom å bruke tid på å bygge tillit og relasjonar for å skape aktiv deltaking i elevrådet, på husmøte, fellesmøte og i styret ved skulen, og slik vise at det nytter å engasjere seg. Meir spenstige forslag er knytt til å opprette organ der elevar har fleirtal og dermed reell innflytelse på dei avgjersler som blir tatt på skulen. Slik kan ein også få øving å vere ueinige og lære å akseptere eit fleirtal. Deltaking i samfunnsbyggande aktivitet blir knytt til å stimulere elevar til å ta del i arbeid i frivillige organisasjonar og lag. 


Eit tilbod for alle

Det kan vere ei spenning mellom dei idear som folk utanfor skuleslaget har og dei fortellingar som vi sjølv ynskjer å presentere. Ein kan kjenne på ein redsel for at folkehøgskulen blir sett på som eit skuleslag for «dei med rosa hår». Det er nok av «artige» innslag på sosiale medium som kan tolkast av utanforståande i retning av at folkehøgskulen er for dei rare. I kontrast til dette er det eit tydleg ynskje at vi skal skape ei forteljing som viser at vi bidrar til å danne aktive samfunnsdeltakarar, som kjenner på ansvaret for å delta. Vi vil vise fram at vi skaper trygge ungdommar som har tru på seg sjølv, som får blomstre i eige liv, og som har lært å omgå mange ulike menneske. Det blir oppretta relasjonar og vennskap for livet. Folkehøgskulen skal ha eit variert tilbod som appellerer til alle kategoriar ungdommar.


Å realisere formålsparagrafen

Overfor politikarar blir det viktig å synleggjere at aktivt medborgarskap og demokratisk beredskap som eit livslangt prosjekt, er i sentrum for folkehøgskulen sitt arbeid. Med det også arbeidet for å motverke utanforskap og stimulere til livsmeistring. Det må ikkje herske tvil om at skulane har eit solid fagleg nivå, - kunnskap og kompetanse er skulane sine viktigaste arbeidsreiskap. Vi skal synleggjere at skuleåret er viktig for at ungdommane skal finne sin veg vidare, bygge nettverk og bli trygge på seg sjølv. Summen av dette blir at folkehøgskulen er ein solid institusjon som kan realisere innhaldet i formålsparagrafen i lova  til beste for fellesskapet. Vi vil gjerne høyre ei politikar som seier: «Folkehøgskolen er vår viktigste demokratibygger» Dette kan vi vise fram til politikarar både lokalt og nasjonalt ved å invitere til møter, informasjon og samtale på skulane.


Viktig for samfunnsutviklinga

I eit framtidsperspektiv ynskjer vi å vise fram resultata av vårt arbeid gjennom den forsking som er i gang. Vi må i det daglege vise tydeleg at vi kan levere på oppdraget og formålet i lovteksten og at vi tar seriøst arbeidet med danning til demokrati og deltaking, og i tillegg at vi tar bærekraft-spørsmåla på alvor. Det blir viktig for oss i fellesskap å bidra til å løfte eit bilete av folkehøgskulen som ein solid og velfungerande samfunnsinstitusjon der menneskemøte og demokratiopplæringa blir halde høgt, og at skuleslaget derfor er svært relevant i samfunnsutviklinga. I kontrast til ei tid der KI og virtuelle møter ser ut til å dominere kan folkehøgskulen blir kjent som «…stedet med de sterke menneskemøtene.»


Engasjerte vaksne

For å vere i stand til å realisere den programerklæringa og dei idear om folkehøgskulen sitt narrativ som er oppsummert ovanfor, er det avgjerande at ungdommane møter engasjerte vaksne. Vi treng lærarar og personale som har kunnskap, er trygge og forstår folkehøgskulen sin pedagogikk. Engasjementet på rektormøtet viser at vi har eit rektorkollegium som kan sette dette ut i praksis, og som tar sitt ansvar som pedagogiske leiarar seriøst. Vi oppmodar rektorane med dette til å gjere same øvinga på eigen skule!

 

 

Einar Opsvik, leiar i Folkehøgskoleforbundet og nestleder i Folkehøgskolerådet
Einar Opsvik, leiar i Folkehøgskoleforbundet og nestleder i Folkehøgskolerådet

 

Comments


bottom of page